post@laftesmia.no

Laftesmia er ei lafteverksemd som held til i Lomen, Valdres, og drivast i dag av Roger Holiløkk. Han kom til Valdres i 2008 etter han i dei siste 15 åra hadde arbeidd i Telemark der han dreiv lafteverksemd ilag med fleire. Etter at Laftesmia AS vart avvikla der, starta han altså opp ei ny verksemd med same namn i Lomen. Her vart det i 2009 sett opp ein ny laftehall  på 240 m².  

 

Verksemda ligg idyllisk til på nordsida av Slidrefjorden.

 

Det er og eit lite sagbruk på same tomta som leverer skurdlast saman med noko laftetømmer. Tømmer til sjølve laftinga blir pr. i dag kjøpt frå eit sagbruk i Telemark som har spesialisert seg på levering av grovt vyrke til lafting. I tillegg til lafting, er det og produksjon av svarva søyler .

 

Verksemda ligg i eit kjerneområde når det gjeld hyttebygging. Beitostølen, Tyin, Filefjell, Vaset og Hemsedal ligg alle innan 60 km i radius.