post@laftesmia.no

Laftesmia satsar på små og mellomstore bygg. Det vil seie alt frå små bur til hytter rundt 100 m². Tjukkleik på tømmer er som regel 8" (ca 20 cm). Ein kombinasjon med stav eller bindingsverk er og vanleg. Me kan levere berre råbygg, eller me kan gjere bygget "nøkkelferdig".

Verksemda har og dreiebenk til å svarve grove søyler. I tillegg til nybygg, blir det og gjort noko restaurering samt produksjon av grove utemøblar som bord og benkar.