Laftesmia logo

Tradisjonell Norsk handlaft av små og mellomstore bygg

Om oss


Produkter

  • keyboard_arrow_right Om Laftesmia

    Laftesmia er ei lafteverksemd med to tilsette som held til i Lomen, Valdres, og drivast i dag av Roger Holiløkk. Han kom til Valdres i 2008 etter han i dei siste 15 åra hadde arbeidd i Telemark der han dreiv lafteverksemd ilag med fleire. Etter at Laftesmia AS vart avvikla der, starta han opp ei ny verksemd med same namn i Lomen. 

    Her vart det i 2009 sett opp ein ny laftehall på 240 m². Verksemda ligg idyllisk til på nordsida av Slidrefjorden. Det er og eit lite sagbruk på same tomta som leverer skurdlast saman med noko laftetømmer. Tømmer til sjølve laftinga blir pr. i dag kjøpt frå eit sagbruk i Telemark som har spesialisert seg på levering av grovt vyrke til lafting. I tillegg til lafting, er det og produksjon av svarva søyler .

    Verksemda ligg i eit kjerneområde når det gjeld hyttebygging. Beitostølen, Tyin, Filefjell, Vaset og Hemsedal ligg alle innan 60 km i radius.

    Laftesmia satsar på små og mellomstore bygg. Det vil seie alt frå små bur til hytter rundt 100 m². Tjukkleik på tømmer er som regel 8" (ca 20 cm). Ein kombinasjon med stav eller bindingsverk er og vanleg. Me kan levere berre råbygg, eller me kan gjere bygget "nøkkelferdig". Verksemda har og dreiebenk til å svarve grove søyler. I tillegg til nybygg, blir det og gjort noko restaurering samt produksjon av grove utemøblar som bord og benkar.


  • keyboard_arrow_right Handlafting etter gamle metoder

    Me legg vekt på å ta vare på noko av den gamle handverkstradisjonen som me ser er i ferd med å koma bort. Ein kan enda sjå døme på bygningar som står att frå tidleg mellomalder og som syner byggje - lafteteknikk på sitt ypparste. Dette har me med hjelp av å studere gamle bygningar, samt lese i gammal og ny litteratur, prøvd å få attende i vår verksemd.

  • keyboard_arrow_right Teknikk

    Dei gamle teknikkane og utføringane kan overførast på dei fleste lafta bygg, det vere seg små bur til og med større bustadhus. Me prøver å utføre verksemda vår med dei reiskapar og verktøy som vart nytta tidlegare, men med hjelp av lette maskinverktøy som elektrisk høvel, kjedesag og sirkelsag.

  • keyboard_arrow_right Målgruppe

    Me prøver å søkje oss inn på ei målgruppe som ynskjer kvalitet framfor kvantitet, og som set pris på ekte handverk framfor meir serie og maskinelle produkt. Her har kunden friare tøylar når det gjeld plan og fasadeløysningar, men tømra bør byggjast innanfor visse tradisjonelle rammer og følgje dagens normer og reglar.

  • keyboard_arrow_right Tømmer

    Tømmeret som blir nytta, er grovt furutømmer frå områder som har skrinn mark som gjer at treet veks seint. Det som kjenneteiknar tømmeret, er at det er tettvaksen og malmfullt (kjerneved, al). Alle stokkformer har sjeldan ei høgde i toppen på under 25 cm. Det er mest rotstokkar som vert nytta. Det finnast mykje fint granvyrke. Gran blir for det meste nytta til åsar, men det går greitt å lafte med gran òg. Den er hardere enn furua når den er tørr.

  • keyboard_arrow_right Stokkform

    Forma på stokken blir stelt til etter ynskje og føremål, men samlar seg kring tre hovudgrupper:

    Rund: Stokken har sin naturlege form. Den er berre barka og sletta til. Hovudsakene er at veggen vert mest mogleg jamn, dvs. utvalet av stokkane bør ha mest mogleg lik dimensjon. Vanleg tjukkleik er 20 - 30 cm.

    Flat: Stokken blir kanta på to sider, evt. alle fire sider og forma til for hand. Dei som er kanta på to sider, får halde på si naturlege form og har ein krumming på lengda samt spiting frå rot til topp. Vanleg dimensjon på breidda er 6", 7", 8" og 10". Høgda vekslar frå 25 cm. til 43 cm.

    Oval: Stokken blir skoren på fire sider og høvla oval og glatt. Også her spiter stokken rot – topp. Vanleg dimensjon her er 7",8" og 10". Høgda varierer frå 25 cm. til 45 cm. Forma blir tradisjonelt kalla for "magatelgt" etter at det før i tida vart bruka øks til å forme stokken som ein utstikkande mage.

  • keyboard_arrow_right Metodar

    Lafteknuten me bruker er som oftast det såkalla "Raulandslaftet", som har sitt opphav frå føre svartedauden, altså frå føre år 1349. Namnet "Raulandslaft" kjem etter ei gammal årestuggu som stod på garden Rauland i Uvdal øvst i Numedalen. Stuggu står no på Norsk folkemuseum på Bygdøy. Laftemåten er truleg den mest utvikla og gjennomprøvde, og den set ein bra standard i tettleik og styrke. "Raulandslaftet" vart oftast nytta på dei gamle stashusa som bur, loft og dei andre innhusa. Til innråming og feste av okedørene, lagar me, visst ynskjeleg, grove utbuka beitskie med valfritt mønster og utskjering. Elles blir vanlege t-beitskier (skjulte) nytta i glasopningar og vanlege døropningar. Til okedørene høyrer ekte gangjarn og låsar, lagd av dugande lokale smedar. Me utfører også bygg med sambinding stav og laft. Det blir jamt gjort svalgang, tilbygg, mellombygg, overbygg i stav i tillegg til laftebygget. Me byggjer også reine stavbygg. Stolpane er enten runde eller kanta, stundom med ein del utskjering, og med breie bord sett imellom (tiltre). Syllstokkane (botnstokk) er høge og trapes-forma, både for å få eit solid grunnlag for veggane, godt feste for bjelkelag, og for å få ei fin utsjånad. Fundamentet kan vere punktvis, dvs. under kvar laftenov, eller tømra kan liggje på ringmur stundom med oppmura fundament for skiljevegg, eller det kan støypast fast dekkje. Taket blir bygd med enten åsar, sperrer eller ein sambinding av båe delar som er det mest vanlege. Takvinkelen avgjerast av: staden der bygget skal stå, tradisjon på staden, takvinkel på dei opphavlege bygningane, eller etter eige ynskje. Den vanlegaste måten å tekkje taket på er: tjukke trobord med papp, torvplast (evt. membran) og torv øvst, men stein, tre og anna tekkjematerialer blir og nytta. Om ynskjeleg kan det leggjast pyntenever nedst på takfoten.

  • keyboard_arrow_right Motto

    Alle laftebygg blir gjort etter kundens ynskje og høve. Me kan vere hjelpsame med råd og forslag om detaljar o.a. Målet er å få eit best mogleg resultat som både me og kundane er nøgde med. Ingen bygg er like, så alle bygg vil få eit eige særpreg som skil dei frå kvarandre.

Kontakt oss

Laftesmia AS

Ringestadvegen 55

2967 LOMEN 

Mobil: 95 76 53 35 

Email: post@laftesmia.no 

Org nr: NO911947889MVA